top of page

Om

Åsmund Nesse f. 06.03.1981 i Haugesund er ein norsk musikar og låtskrivar. Han vaks
opp på Bømlo, ei øy ytterst i havgapet i Sunnhordland. Interessa for å skriva songar og
musikk kom tidleg, frå dei tidlege ungdomsåra var han svært aktiv på fritida med å spela
i ulike band, alle med originalt materiale der han var sterkt involvert i låtskrivinga. På
denne tida var Nesse bassist.

 

Å skriva songar som kan gje meining og livskraft, og lengselen etter å formidla eit
positivt bodskap står sentralt i Nesses musikalske etikk. Tekstane er folkelege, han
skriv slik han snakkar, på sin ”bømlo-dialekt”, og det er stor spennvidde i uttrykket frå
rolege, vare viser til melodiar som kostar av garde i full trav.


Sidan 2007 har han vore vokalist og låtskrivar i reggaebandet NESE  (tidl. Nese Rastafari.  Bandet slapp sitt debutalbum 11 mai 2019 på dobbel vinyl,


Nesse gav ut sitt første soloalbum ”Lysning” på tampen av 2015. Plata kom ut på hans
eigen label ”Nese Sound”, på gul vinyl og cd. 
Den første singelen ”Gje meg ei lysning” var med i programmet ”Norsk på Norsk” på P1,
og fekk mykje radiospeling. Fleire andre låtar frå Nesse sin veksande katalog har og fått mykje speletid på radio. 

På tampen av 2017 slapp Åsmund albumet “Viser frå Vesterland” Oppfølgjaralbumet kom ut på grøn vinyl og cd, også dette albumet vart utgjeve på Nese Sound.


Den første singelen frå plata kom ut 5 mai 2017, ”Når vinter blir vår”; og er produsert av
Odin Staveland. (Vamp/Odin)

Kjernemusikarane på albumet er Åsmund Nesse (song og gitar), Gunvald
Andreas Hagen på tangentar, Hans-Olav Molde (trommer), Edvard Mjanger
(kontrabass/elbass) og Nils Økland (hardingfele/fele/bratsj)
Albumet er spela inn i ABC Studio i Etne.

Miksa av Kjetil Ulland
Mastra av Morten Lund

​

Dei siste åra har Åsmund jobba mot eit tredje studioalbum, og har slept singlane "Lysare kvelda", "Lunare lende", "Ør og fortumla", "For deg min venn", og 1.mars slepp han ut "Øve landet". 

​

I 2018 vart Åsmund tildelt Bømlo Kommune sitt kulturstipend.

​

© 2023 by Tyler Reece. Proudly created with Wix.com

bottom of page